tirsdag 21. desember 2010

Klippfiskgryte

600 gr utvatna klippfisk
1 boks grovhakka tomater (med kvitlauk om du er veeeeldig glad i det)
1 stilk stangselleri i små terningar
1 gulrot i små terningar
1 hakka lauk
2 fedd hakka kvitlauk
5 ss olivenolje
1 l grønnsakskraft/buljong
4-5 poteter
Litt hakka persille og basilikum
3 ss hakka mandler
Salt og pepper

Skjer den utvatna klippfisken i porsjonsstykker-
Surr stangselleri,gulrot,lauk og kvitlauk i olja.
Ha i fisken og la den surre litt med i gryta.
Tøm over tomatane og krafta/buljongen og dryss på salt og pepper-
La dette små koke på svak varme.
I mens skreller og terner opp potetene. Legg dei oppi gryta og la det koke i 15-20 minutt.
Smak til med salt og pepper om du synest det er naudsynt og dryss over urtane og hakka mandlar.

Mmmmmmm :)

tirsdag 14. desember 2010

Farga perlesukker

I enkelte oppskrifter (sukkerkaker f.eks)
står det at du skal bruke farga perlesukker.
Dette gjer du enkelt bed å berre blande konditor-
farge inn i perlesukkeret du skal bruke.
Enkelt og mykje billigere enn å kjøpe det på
"spesialbutikk" :)

søndag 12. desember 2010

Marshmallow-fluff

Desse elsker ungane mine!

90 gr marshmallow
3/4 dl kremfløyte

Ha marsmallowene og ha i ein kjele med fløyten. Smelt dei over SVAK varme til dei er heilt oppløyst. Eg pleier tømme blandinga utover ei bakepapirkledd steikeplate før eg sett det kaldt. Etter 10 min i kjøleskåpet ruter eg det opp i små ruter. Gjennta i same spor etter 5 min,etc etc til dei er heilt stive.

Mmmm :)

Fantastisk god rotmos til pinnekjøttet !

400 gr kålrot, store biter
200 gr gulrot, store biter
100 gr sellerirot, store biter
100 gr usalta smør i terninger

Kok gr.sakene møre og hell av vatnet. Damp dei tørre i panna. Ha i smøret og mos dei,gjerne med stavmikser :) Smak til med salt og pepper.

Kokoskake,mmmm

125 gr mjukt smør
125 gr sukker
200 gr kveitemjøl
2 ts bakepulver
3 eggeplomme
Fyll:
3 eggekviter
150 gr sukker
100 gr kokos

Rør smør og sukker kvitt og bland inn eggeplommene. Balnd det tørre og vend inn. Ha dette i ei 22-24 cm form.

Stivpisk kvitene og bland litt og litt sukker inn. Vend inn kokosen og bre det over bunnen.
Steik på miderste rille ved 175 gr i ca 20 min. Server med is,frukt el sjokoladesaus -> (1 plate mørk sjokolade smelta i 1 dl kremfløyte)

Mmmmmmmmmmmmm.nydelig !

Lettvinte pepperkaker 2 !

250 gr meierismør
125 gr sirup
1 1/2 dl kremfløyte
250 gr melis

400 gr kveitemjøl
2 ts natron
1 ts kanel
2 ts nellik
100 gr hakka mandler.

Kok opp smør,sirup,fløyte og melis. Avkjøl.
Bland samen det tørre og bland det inn i smør/fløyteblandinga. Når dette er godt blanda former du deigen til pølser i 3 cm i dm og legg i kjølskåpet natta over.
Skjer i tynne jevne skiver og steik ved 175 gr i 10.12 min.

Lettvinte pepperkaker !

200 gr smør
2 dl sukker
1 dl sirup
450 gr kveitemjøl
2 ts ingefær
2 ts kanel
2 ts nellik
1 ts natron

Rør smør og sukker kvitt og bland inn sirupen.
Bland alt det tørre og bland det inn i smør/sirupblandinga.
Når dette er godt blanda former du deigen til 2 passelige pølser og legg i kjølskåpet natta over.
Skjer så i jevne skiver og steik ved 180 gr i ca 7 min.

Rot i hop på ein dårlig søndag :) (4-5 porsj)

500 gr kjøttdeig
8 poteter i passelige terninger
4 gulrøtter i skiver
1 løk,hakka (+ 2 fedd kvitløk om du liker det)
1 bx tomater
2,5 dl vatn
Salt og pepper

Tid : 40 min

Brun kjøttdeigen og ha den over i ei gryte.
Steik løk og gulrot lett og ha det òg over i gryta.
Brun så potetene litt og bland med resten i gryta.
Slå over tomatene og vatnet og la det surre i ca 25 min til potetene er møre.
Smak til med salt,pepper og anna godt krydder du liker :)
Server med godt brød til,helst nysteikt.

Velbekomme !