onsdag 28. juli 2010

Jukse middag

Idag blei det ungane som laga middag og då blei det:

2 bx Spagetti a`la capri
3 dl vatn
2 dl hurtigris små baguetter

Varm a`la caprien og vatnet. Ha i hurtigrisen og la den svelle til baguettene er ferdig steikt. Server med salat til. Ikkje akkurat verdens beste middag,men grei nok i fullfart :)

tirsdag 27. juli 2010

Urtebrød (6 små)

Denne såg eg ein gong på Gutta på tur på TV2 og blei heil frelst på den :)
Deig:
1 l vatn
2 pk tørrgjær
1,6 l kveitemjøl
30 gr salt

Urteblanding:
1 bunt timian
1 bunt rosmarin
3-4 fedd kvitlauk,knust i morte el fint hakka
2 ss god olje

Gjer så her:
Ha halvparten av mjølet saman med vatnet og elt i 10-15 min.Ha så i gjær og salt og elt i ytterlige 10-15 min før resten av mjølet eltes inn.

Hakk alle urtane og bland dei i olja.

Ha halvparten av urteblandinga i deigen og elt i 5 min. Hev i 20 min og lag 6 brød av deigen. Pensl med resten av urteblaninga og steik 225-230 grader i ca 35 min.

Desse smaker godt med egg og spekeskinke laga til sånn:
1 eggeplomme
1 ss sennep
Jarlsbergost,spekeskinke,fenalår e.l,valgfri salat.

Bland sammen eggeeplomme og sennep.

Skjer skrå skiver av urtebrødet og smør dei med eggeblandinga. Legg så på ost og ha dei under grill i 2 min. Legg på salat og skinke. Mmmmmm nam nam :)

mandag 26. juli 2010

Wenche`s kylling"gryte"

5 personer:

3 kyllingfilet,i biter
5-6 dl vatn
1 ts salt
1 bx hermetisk mais
1 pk hurtigris
1 ss smør
3 ss kveitemjøl
5 dl kyllingkraft + 1 dl fløte el matfløte.
Litt sukkerkulør for fargen sin del på sausen.

Kok opp vatnet og ha i salt. Trekk filetbitene i 15-20 min.
Kok risen som anvist på pakken. Bland samen ris,kylling og mais.
Lag saus på vanlig måte av kraft og fløte.
Server gjerne andre grønnsaker til. Smaker godt med blomkål og gulrot.

Grilla kvitlauksscampi

Til 5 personer :

1 dl god olje
4 fedd kvitlauk,hakka
50 rå el kokte scampi
10 grillpinner av tre el andre om du har det.

Lage marinaden av olja og kvitlauken. Legg så scampien i. La dei marinerast i minimum 20 min,helst lenger.Eg har mine i marinade i minst ein time.
Tre så 5 og 5 på grillpinnane og legg på grillen. Snu ofte ! Bruker du dei rå så ser du at dei er ferdig når dei har fått ein fin rosa farge,men dei ferdig kokte må du berre prøve deg fram med. Men dei treng ikkje meir en totalt eit par tre minutt totalt på kvar side.

Server på ein god salat. Gjerne ruccola og rømmedipp. Smaker ufattelig godt så det er ikkje sikkert det er nok med 10 reker på kvar sjølv om ein har salat til,hi hi.

Konkurranse

Sjekk ut denne jenter :
www.klikk.no/produkthjemmesider/kamille.no/article588888.ece
Konkurannse med mogelegheit for å vinna 50.000 ! Me må berre bruka Dotskjeks i oppskrifta og senda inn bilete av resultatet.

torsdag 22. juli 2010

Mini mini pizzaer

Desse passer kjempe godt i barnebursdager.

Deig:
180 gr kveiemjøl
100 gr samalt kveite fin
25 gr tørr gjær
1/2 ts salt
1 ss olivenolje
1 1/2 dl lunka vatn

Tomatrøre:
1 ts olivenolje
2 fedd kvitløk
1 finhakka løk
1 bx hermetiske tomater (400 gr)
1/2 ss tørka oregano
salt,pepper

Framgangsmåte:
Lag tomatrøra først då deigen er kjapp å lage.
Fres løken og kvitløken i olja til den er blank og mjuk.
Ha i tomatane og la det koke inn til ein fast masse. Ha i oreganoen og smak til med salt og pepper.

Lag deigen når tomatrøra putrar.
Bland gjær,olje,salt og vatn sammen til gjæren er oppløyst. Ha i alt mjølet. Kna deigen godt saman og la den kvile i 15 min.

Sett steikovnen på 200 gr. Kjevl så deigen ut (0,5 cm tjukk) og trykk ut små sirklar med eit glas e.l. Halvsteik dei på steikebrett i 5 min på midterste rille.
Sett ovnen opp på 280 gr.
Ha på tomatrøre og ha på det fyllet du vil. Kjøttdeig.skinke.spekeskinke etc etc og dryss ost over.Kun fantasien sett grensa :)
Steik dei så i 8-10 min på ØVERSTE rille. Følg godt med for dei kan bli fort brent.

Denne oppskrifta går fint ann å bruke til ein stor pizza òg :)

Velbekomme.

Rot i hop

1 løk
200 gr pølse
200 gr bacon
1 bx hermetiske tomater
salt,pepper
2 egg
6 ss youghurt naturell e.l
2 kopper ost

Surr løken og ha i pølse og bacon. Brun dette og ha i tomatene. La dette putre i 8-10 min og ha det i ei ildfast form.
Rør sammen youghurt og egg og hell det over.
Dryss så ost over og steik i 40 min v/180 gr.
Smaker kjempe godt med salat og grøvt brød til