fredag 28. januar 2011

Wenche`s vri på Mimmi`s knekkebrød

3,5 dl grov rug
3,5 dl lettkokt havregryn
1,5 dl sesamfrø
2 dl solsikkekjerner
1 dl havrekli el hvetekli
1 ts salt
1 dl grovhakka valnøtter og paranøtter
1/2 dl flytede honning
6,5 dl lunka vatn

Rør alt til ei mørje og klin utover 3 bakepapirkledde steikebrett.
Rut opp kvart brett i 16 (4 på langs og 4 på tvers).
Steik ved 160 gr m/varmluft i 60 min.
Eg pleier i bytte om på bretta kvart 20. minutt.Då synest eg dei blir jevnere steikt
Brekk dei opp og avkjøl på rist. Oppbevar i tett boks !

Kva skal eg dele me dykk i dag då ??

Må tenke litt så skal eg finne noko lurt :)

onsdag 19. januar 2011

Wenche`s canneloni

Laga denne oppskrifta med tanke på å lure
grønnsaker i minstemann :)

12 lasagneplater el 12 cannelonirør

2 gulrot,i biterer
2 stilker stangselleri, i bit
1 løk, i biter

400 gr kjøttdeig el karbonadedeig
1 ps Toro meksikana pizzafyll
200 gr revet ost

Kok grønnsakene i 2 dl vatn og mos dei med stavmiksar. Avkjøl.
Steik kjøttdeigen i 2 omgangar.

Kok lasangeplatene i lettsalta vatn i 5 min. Legg dei på oljesmurde plastfoliekledde steikeplater.

Bland så grønnsaksrøra med pizzafyllet og la stå i 2 min og bland inn kjøttdeigen.

Legg ca 2 ss fyll på kortsida på lasagneplata og rull den samen (el fyll cannelonirøra) og legg dei i ei ildfastform. Dryss med ost og gratiner i 10 min
v/225 gr.

Når eg lager desse har eg litt tjukk hvitsaus i bunn på forma og på toppen av canneloniene før eg drysser ost på.

Tjukk kvitsaus: 3 dl mjølk blandast med 2 ss kveitemjøl og kok opp. Salt og pepper.

Server med ein god saltat til :)

lørdag 8. januar 2011

Verdens kjappaste pizzasaus :)

1 boks hermetiske tomater med oregano og basilikum
1 ps tacokrydder

Bland og kok opp :)