Desse passer kjempe godt i barnebursdager.
Deig:
180 gr kveiemjøl
100 gr samalt kveite fin
25 gr tørr gjær
1/2 ts salt
1 ss olivenolje
1 1/2 dl lunka vatn
Tomatrøre:
1 ts olivenolje
2 fedd kvitløk
1 finhakka løk
1 bx hermetiske tomater (400 gr)
1/2 ss tørka oregano
salt,pepper
Framgangsmåte:
Lag tomatrøra først då deigen er kjapp å lage.
Fres løken og kvitløken i olja til den er blank og mjuk.
Ha i tomatane og la det koke inn til ein fast masse. Ha i oreganoen og smak til med salt og pepper.
Lag deigen når tomatrøra putrar.
Bland gjær,olje,salt og vatn sammen til gjæren er oppløyst. Ha i alt mjølet. Kna deigen godt saman og la den kvile i 15 min.
Sett steikovnen på 200 gr. Kjevl så deigen ut (0,5 cm tjukk) og trykk ut små sirklar med eit glas e.l. Halvsteik dei på steikebrett i 5 min på midterste rille.
Sett ovnen opp på 280 gr.
Ha på tomatrøre og ha på det fyllet du vil. Kjøttdeig.skinke.spekeskinke etc etc og dryss ost over.Kun fantasien sett grensa :)
Steik dei så i 8-10 min på ØVERSTE rille. Følg godt med for dei kan bli fort brent.
Denne oppskrifta går fint ann å bruke til ein stor pizza òg :)
Velbekomme.
Så kjempekjekt og spennende! Gleder meg masse til å følge med på det som skjer her fremover, så har eg ein "little piece of Wenche" her hos meg og <3 Hihi ;)
SvarSlettKos til min besteste venn =)