Ja no har eg vert på ferie i 14 dager og ikkje fulgt opp bloggen,men prøver igjen,he he. Legg ut ei oppskrift på ei knall god tomat og paprikasuppe (4 porsj):
4 raude paprika,rensa og i kutta i terningar
6 plommetomatar i bitar utan stilk
1/2 dl raps el anna olje til steiking
2 fedd kvitlauk,hakka
1 lauk,rensa og kutta i terningar
1 purre,rensa og kutta i biter
1 grønn chilli,rensa og kutta i biter
1 ts karripasta el pulver
1/2 l vatn
1-2 hønsebuljonger,om du vil
Salt og pepper
Steik gr.sakena godt på middels varme. Ha i kryddere og steik endå litt til. Slå deretter over vatnet og ha i buljongane om du skal ha det i. Kok alt samen i 20 min og kjør med stavmiksar til suppe. Smak til med salt og pepper. Server med grovt brød og steikt aubergine. Oppskrift på det kjem etter denne oppskrifta :)
Steiikt aubergine :
1 augergine i små terningar
rikeleg frisk persille
Dryss litt salt på augerginen og la det ligga i 15.20 min. Da blir den mildare i smaken. Skyll av saltet og tørk den i eit kjøkenhandklede.
Steik den så i godt varm panne og ha på salt og pepper. Dryss øve persillen og bruk den som garnityr i suppa.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar