Ja då får me prøve å blogge litt. I ein alder av 35 år er dette nytt for meg,he he. Eg elsker å lage mat og synest det er ein flott "aktivitet". Kombinasjon av 100 % heimelaga og litt fabrikatmat med eigen vri :) Det kjekkaste er å eksprimentere og prøve nytt heile tida. Sambuaren min seier at det er ikkje rart at ungane ikkje liker maten for dei har ikkje smakt det meir enn ein gong,he he. Men dei er ikkje kresne likevel.
onsdag 22. august 2012
Man tager hva man haver Kyllingrotihop.
6 kyllingfileter
1 pk sukkererter
3 gulrot
Diverse paprika som tilsamem blir ca 1,5 paprika
1 bg creme fraiche
1 bg krydderost
1,5 dl H-melk
Kryddersmør
Tilbehør : Kokt ris
Tilbereding :
Sett ovnen på 200 grader.
Smør ei ildfastform og ha i opppkutta gulrot,paprika og heile sukkererter.
Skjer kyllingfileten i passelige biter og steik den kjapt i rikeleg med kryddersmør og ha over i smurt ildfastform.
Bland creme fraiche,krydderost og melk til ei gjevn røre og hell over det andre i forma. Steik i 40 minutt og server.
Dette var berre super godt og eg anbefaller dykk å prøve den :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)